Facebook Instagram

Dei første vår-arrangementa i Litteraturhus i Møre og Romsdal er klare for turné!

Brit Bildøen: Gult farevarsel 

I sin siste roman «Gult farevarsel» tek forfattar Brit Bildøen lesaren med til fjells. På fjellgarden Instesetra skal Dorte og familien hennar feire foreldra sitt gullbryllaup. Men Dorte angrar så snart dei kjem fram. Det er sein haust, uvêret bryt laus og vegen vert sperra av ras. Familien blir stengd inne på setra, tett oppi kvarandre og saman med to tvilsame jegarar. Lite aner Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar familien aldri kjem til å gløyme. Brit Bildøen har skrive ein intens og spennande roman og snakkar om arbeidet med boka, familierelasjonar, eit stadig villare vêr og plassen vår i naturen.  

Brit Bildøen har skrive neste tjue bøker og har motatt ei rekkje prisar. Ho er utdanna bibliotekar og kjem frå Aukra.

Du kan møte Brit Bildøen på turné for Litteraturhus i Møre og Romsdal her:

Sunndal bibliotek, mandag 15.4 kl 19:30. Programleder er Svein Sæter.

Tingvoll bibliotek, tirsdag 16.4 kl 19:00. Programleder er Endre Ruset.

Hustadvika bibliotek, Elnesvågen onsdag 17.4 kl 19:00. Programleder er Øystein Hauge.

Aukra bibliotek torsdag 18.4 kl 19:00. Programleder er Synnøve Haga.