Facebook Instagram

BB7 - Ein poesiverkstad med endre ruset

Bilde Endre Ruset Foto Magnus Stivi.jpeg
 
 

BB7 - EIN POESIVERKSTAD med Endre ruset

Målgruppe: 7.trinn

Gjennom skriveøvingar som tar utgangspunkt i fem utvalgte dikt av Bjørnstjerne Bjørnson, skal elevane arbeide med poesi og legge grunnlaget for deling av eigne ord. 

Det blir arbeidd med: 

  • å skrive

  • å lese for seg sjølv

  • å lese for andre

  • å la andre lese

Gjennom kurset blir skulen og elevane kjende med lokale forfattarar (dei som gjennomfører kurset), får kunnskap om regional litteraturhistorie (fokuset på Bjørnson sine dikt), får utfalde seg kreativt (skriveoppgåver knytta til dikta) og lærer om poetiske verkemiddel (vi får elevane til å lese sine tekster og gir respons med fokus på verkemiddel elevane har brukt).

Målet med verkstedet er: 

  • å formidle Bjørnstjerne Bjørnson sin poesi gjennom poetisk dialog

  • å fremme elevane si forståing av poesi som kunstform

  • å lære noko om korleis uttrykke seg ved å skrive poesi

Til bruk i poesiverkstaden er det laga eit elevhefte, Diktene mine, med fem Bjørnson- dikt: «Jeg velger meg April «–I skogen», «Træet stod ferdig», i tillegg til to andre Bjørnsondikt.

Maks antall elever: 30

Verkstaden varer i 4 skoletimar.

Ta kontakt med Johild(at)bjornsonfestivalen.no.