Facebook Instagram

Kongen, lova og landet

Foto: Hans Jørgen Brun

I år er det 750 år siden Kong Magnus Lagabøte samla heile det norske kongeriket under ei lov for fyrste gong. Dette blir markert med eit nasjonalt jubileum over heile landet.

 Magnus Lagabøtes landslov fungerte som lov i Norge i meir enn 400 år og er eit av dei viktigaste dokumenta vi har frå mellomalderen. Lova har i stor grad bidratt til å forme Norge slik vi kjenner landet vårt i dag, og med lova vart Norge for alvor transformert frå eit vikingsamfunn til eit gryande statssamfunn.

 Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo, forskar på Nasjonalbiblioteket, og den fremste eksperten på Landslova av 1274. Boka «Kongen, lova og landet» er eit formidabelt verk, der Øyrehagen Sunde skriv fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.

 Les mer om jubileet her https://www.nb.no/landslovjubileet2024/

Arrangementet er eit samarbeid mellom Kirkefestuka i Molde og Bjørnsonfestivalen

Molde Domkirke 14.3 kl 19:00

Pris: 100,- inklusive gebyr

Billettane vil også vere tilgjengelege «i døra» fra kl 18:30.

Velkommen!