Facebook Instagram
Litteraturhus i Møre og Romsdal.jpg
 

Fast etablering av Litteraturhus i Møre og Romsdal 

Litteraturhus i Møre og Romsdal går frå prosjekt til fast finansiering etter vedtak i Kultur- og Folkehelseutvalet, Møre og Romsdal Fylkeskommune 6.2.24.

-Det er med stor glede og entusiasme vi kan slå fast at Litteraturhus i Møre og Romsdal blir eit varig tilbod til befolkninga i fylket vårt, seier festivalsjef i Bjørnsonfestivalen Johild Kosberg Bredin. -Samarbeid gir gode resultat, og med Nynorsk kultursentrum, Bjørnsonfestivalen, Møre og Romsdal fylkeskommune og biblioteka på same lag, får vi eit omfattande formidlingstilbod for litteratur nær der folk bur.

-Vi har ei lang ønskeliste over forfattarar og tema som vi vil presentere for publikum, og det er viktig og riktig å koble oss tett på biblioteka som naturlege møteplassar og samfunnsbyggjarar, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum.

I løpet av dei kommande vekene skal nye kommuneavtalar på plass, og turnéplanlegginga kan starte. Alle dei deltakande kommunane får minimum tre arrangement per år. Tilbod med nynorsk litteratur og arrangement for barn og unge er prioritert.

Christian Borch på turné for LiMR på Vestnes bibliotek hausten-23.

Foto: Vestnes bibliotek

Litteraturhus i Møre og Romsdal starta i 2017 som prosjektet SamLes LITT i Romsdalskommunane etter initiativ frå Bjørnsonfestivalen. Prosjektet vart utvida til heile fylket i 2020 med Nynorsk kultursentrum som ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre, og Bjørnsonfestivalen på Nordmøre og i Romsdal.

Kommunane bidreg i styringsgruppa, deltek med innspel til programarbeidet og er lokale vertskap i alle litteraturhusa i fylket; biblioteka.

Herborg Kråkevik tok med Juleroser på LIMR-turné på Sunnmøre, her på Ørsta folkebibliotek.

Foto: Tone Slenes, Nynorsk kultursentrum

-Litteraturhus i Møre og Romsdal betyr mykje for biblioteka og for kulturtilbodet i småog store kommunar rundt om i heile fylket, seier biblioteksjef i Vestnes kommune, Vigdis Ødegård. -Spennet i tilbodet er stort og trekker stadig nye grupper inn i biblioteket.

-Folkebibliotek skal vere gratis og legg vekt på kvalitet, variasjon og aktualitet. Litteraturhus i Møre og Romsdal er med på gjere dette mogleg ved at alle biblioteka i fylket har tilgong til det same litteraturtilbodet, seier Eva Ulla Myren, bibliotekleiar for Harambiblioteka.

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver samla 850 000,- årleg til prosjektet frå 2024, og ordninga er støtta av Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebank1 Nordmøre, Sparebank1 SMN (Sunnmøre), Human-Etisk Forbund Møre og Romsdal, Møre Bispedømme og kommunane.

Samla årleg ramme er på om lag to millionar.

Desse kommunane er med:  
Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Hareid, Herøy, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Sande, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Sykkylven, SURNADAl, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta, HARAM og Ålesund.