29. august – 2. september 2012

Bjørnsonfestivalen > Forside

Foto frå ICORN-samling i Stockholm

Foto frå ICORN-samlinga 2012

I dagane 9.-11.mai samla ICORN over 100 delegatar og forfattarar til generalforsamling og workshop for forfattarane. Du finn mange fleire bilder frå samlinga på Bjørnsfestivalen si facebook-side. (Klikk på FACEBOOK-ikonet på denne sida).

Les mer

Ammar Tassei i Stockholm

ICORN er forkortinga for International Cities Of Refuge Network. I desse dagar har ICORN samling i Stockholm. Her møtast mellom anna fribyforfattar frå mange ulike byer i Europa. Dette er og ei samling for såkalla koordinatorar i dei aktuelle firbyforfattarbyane. Her blir det mellom anna drøfta korleis ein best skal legge til rette for at fribyforfattarane skal få eit godt møte med sin by.

Frå Molde møter kultursjef Jan Olav Szontheimer, fribyforfattar Ammar Tassaei og festivalleiar Rolf Magnus Orø. Vi vil kome tilbake med meir informasjon etter at samlinga er ferdig. Vi kan førebels kort melde om hyggelege og nyttige dagar, der både vennskap og nettverk blir bygd og styrka. 

På bildet er den tredje av Moldes fribyforfattar Ammar Tassaei saman med ein forfattarkollega, Mansur Rajih, som bur i Stavanger.

Les mer

Møte for frivillige 23.mai 2012 - kl 18.00

For at Bjørnsonfestivalen både skal halde det høge nivået som har vore tidlegare år OG utvide tilbodet gjennom året, er vi heilt avhengige av eit korps med motiverte frivillige.  
Onsdag 23.mai kl 18.00 inviterer vi til eit møte for gamle og nye frivillige på Teatret Vårt. Her vil vi snakke om kva vi kan vente oss av programinnslag på årets festival og kva det vil krevje av tilsette og frivillige. Vi skal også snakke ein del om kva idear/planar for resten av året som for eksempel tilbod til barn, til ungdom, samfunnsdebatter, bokprogram mm. 

Med dette er DU invitert :-)  

Les mer

Om strategiseminar

Bjørnsonfestivalen er i endring. Om ein månads tid skal festivalen bli sambuarar med Molde bibliotek, Teatret Vårt, Moldejazz og Kunstnersenteret. Plassen opnar 14.juli. Festivalen har tilsett ny leiar, som er tiltenkt ei litt anna rolle enn tidlegare leiarar. Mange i styret er nye - ei god blanding av viktig erfaring og friske auge. Vi skal over på heilårsdrift. Festivalen ønskjer meir satsing overfor den yngre målgruppa. Vi inviteter inn nye frivillige. Alt dette opner for nye måtar å spreie interesse for litteratur i vid forstand, og for samfunnsengasjement.

22.-24.april 2012 var styret samla i Nesset for å drøfte ny strategi. Dette skal ende opp i eit kortfatta strategidokument som vi håper vil være ferdig før / i løpet av sommaren. Dokumentet skal bli eit felles reiskap for alle som er involvert i festivalen. På samlinga vart mange steinar snudd, gode idear lufta, erfaringar frå tidlegare festivalar lagt på bordet. Det var i det heile tatt tre sers nyttige og motiverande dagar! Fleire er / vi bli involvert i arbeidet fram mot det ferdige dokumentet. Mellom anna inviterer vi gamle og nye frivillige til eit møte den 23.mai kl 18.00, der dette også står på agendaen.

Les mer

Ny leiar i Bjørnsonfestivalen

Bjørnsonfestivalen har tilsatt Rolf Magnus Orø (56) som festivalleiar.

- Eg ser fram til å bidra med å vidareutvikle festivalen, utvide med fleire og ulike type litterære arrangement og skape fleire møtestader for samfunnsdebatt i løpet av året. Dette er muleg å få til med bakgrunn i det allereie solide nettverket av fagfolk, frivillige og andre kulturinstitusjonar knytt festivalen. Moldes nye kulturstue Plassen, vil også opne for og krevje nytenking, seier Rolf Magnus Orø.

Les mer

Informasjon

Nyheter

Takk for oss

God oppslutning om Bjørnsonfestivalen 2011

Les mer