Gjestekurator 2025: Linda Eide

Journalist, forfattar og programleiar Linda Eide er gjestekurator for Bjørnsonfestivalen 2025, og planlegg no kva slags gjestar og tema ho vil løfte fram på festivalveka i Molde og Nesset:

-Ei ære å bli spurt, så klart, ikkje kvar dag ein får bestemma noko som helst her i verda, så det var berre å gripe sjansen. Og så er det jo Bjørnsonfestivalen då, som eg personleg har gode minner frå, og som også heilt objektivt er ein superfin festival. Og då takkar ein heller ikkje nei, seier Linda Eide.

-Eg har stor lyst til dette, fordi eg får snakka med spennande folk som driv med noko av det mest interessante som finst: Å fortelja historier. Det finst jo eit hav av måtar å gjera akkurat det på, og eg vert aldri lei av å prøva å få has på dette: Korleis fortel gode forteljarar? Kva skal til for at dei treff planken? 

Tidlegare gjestekuratorar:

Tore Renberg og Hilde Sandvik (2023)

Olaug Nilssen (2024)

Forrige
Forrige

Nytt programslipp 6.5

Neste
Neste

Første festivalslipp er klart!