Lurivar og det hemmelege skrinet

Den prislønte forfattaren Lars Mæhle har skrive manus til denne produksjonen, som har form som eit musikkteater med litteratur- og kunstformidling. Komponist Beate Lech har laga musikk til songane som blir brukt i framsyninga

I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar (Lykke Kristine Moen) som har med seg ein koffert med nynorskebiletbøker. Så dukkar kunstmålaren opp med staffeli og målesaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren og pønskar ut ein måte for å lure til seg skrinet.

Saman presenterer kunstmålaren og Lurivar nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Vegar Hoel som spelar kunstmålaren, arbeider både som skodespelar og biletkunstnar. Under framsyninga teiknar/målar han fleire bilete ut frå innspel borna kjem med.

Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og Kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at borna blir utrulig engasjerte.  

Lurivar og det hemmelege skrinet er produsert av Nynorsk Kultursentrum, og støtta av Norsk Forfattersentrum.

 

Laurdag 18.02 klokka 12:00 i Storyville