Stor interesse for årets fylkeskulturkonferanse

Årets konferanse hadde mange kjente namn på programmet, men av ulike årsakar har desse meldt fråfall. Dette gjeld Myhre, Aasrud og Aasheim frå Nasjonalbiblioteket, Familie- og kulturkomiteen og Norsk kulturråd.

Så langt har 109 deltakarar meldt seg på årets fylkeskulturkonferanse. I tillegg kjem enkeltbillettane som seljes i regi av Bjørnsonfestivalen på Plassen.

– Det er gledeleg å sjå at heile fylket er representert; alt frå kommunar, folkebibliotek og ulike kulturinstitusjonar, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

– At desse tre har meldt fråfall samtidig, er litt av et samanfall. Samtidig er det godt at desse sjølv har skaffa gode erstattarar. Vi er difor trygg på at fagområda og institusjonane fortsatt er godt representert. Vi gler oss og ser fram til årets konferanse, avsluttar Wedlog Olsen.

Fylkeskulturkonferansen går av stabelen 3. september, og er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Bjørnsonfestivalen.