BILLETTAR HER: SPRÅKMORO med Linda Eide til biblioteka i Romsdal

3. m_plakat.jpg

Linda Eide og Sjur Hjeltnes tek med seg sitt populære program Språkmoro til Vestnes, Aukra, Fræna og Midsund i perioden 1. - 6.november.

Under parolen Språk er sjov! gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Hun hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein hyggeleg og eksamensfri atmosfære. Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Tilskipingane er ein del av prosjektet SamLES LITT. SamLES LITT er eit treårig samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen, folkebiblioteka i Romsdal, GassROR og Møre og Romsdal Fylkeskommune. På turnéen med Linda Eide er også mållaga iRomsdal med som samarbeidspartnarar.

Prosjektet starta i vår med besøk av historikaren og forfattaren Hans Olav Lahlum som gjennomførte 8 foredrag på tre og ein halv dag i Romsdal.

Linda Eide besøker følgjande kommunar:

Vestnes Folkebibliotek er arrangør onsdag 1.11 kl 19.00 på Myra kulturbygg

Midsund bibliotek er arrangør torsdag 2.11 kl 19.00 i storsalen på Midsund skule

Fræna Folkebibliotek søndag 5.11 kl 19.00

Aukra Folkebibliotek er arrangør måndag 6.11 kl 19.00 i auditoriet ("Egget") på Gossen Barne- og ungdomsskole

Linda Eide plar også å ha med seg lokale kapasitetar frå språkfeltet og på denne turnéen får publikum møte Helge Sandøy, professor emeritus i nordisk språkvitskap og lektor Arnfinn Hovde som byter på å delta på dei ulike tilskipingane..

Billettane til arrangementa finn du her:

 

Det vil òg vere råd å kjøpe billettar på spelestadene 30 minutt før sjølve arrangementa. - NB! Berre kortsal!

VELKOMEN TIL SPRÅKMORO!