"DU GRØNE,GLITRANDE - EI HYLLING TIL JULETREET" med Oddgeir Bruaset

Du grøne glitrande.jpg

Du grøne, glitrande fortel historia til ein av våre kjæraste juletradisjonar. Ho er full av overraskingar. 

Det første juletreet vart reist og pynta i Alsace på 1500-talet, og for knapt to hundre år sidan kom tradisjonen til Noreg. Mange opplevde synet av juletreet som eit vedunder - medan andre såg på det som avgudsdyrking. 

Boka syner at treet, med røter heilt tilbake til heidendommen, vart det fremste kristne julesymbolet. Korleis vart denne skikken så utruleg populær? Kva er meininga bak pynten? Kva gjorde dei som ikkje hadde tilgang på skog eller råd til juletre? 

Bli med Oddgeir Bruaset på ei stemningsfull vandring gjennom juletreskogen, til juletrefestar som samla heile bygder, og til folk som fortel om juletreet dei aldri gløymer.

Foredraget er på Nesset Folkebibliotek mandag 27.11 kl 19.00 og er gratis. Frå kl 17.30 er det sal av eritreisk kaffe og bakst i regi av Flyktningetenesta i Nesset og Nesset bygdekvinnelag. 

Arrangementet er ein del av prosjektet SamLES LITT som er støtta av GassROR IKS og Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Reservasjon av fribillettar kan du gjere her:

https://nessetfolkebibliotek.hoopla.no/sales/oddgeir-bruaset-6460