Øystein Vidnes

Øystein Vidnes (f. 1976) er frå Fiskå i Vanylven. Han debuterte med novellesamlinga Bondeforteljingar i 2002 og gav ut romanen Ekstasar i 2006.

Vidnes stadfester i bøkene sine eit talent for å skrive observant og stilsikkert, med ein særeigen evne til å blande humor, absurdisme, fantasi og realisme. Resultatet endar ofte ein stad midt mellom galskap og klokskap, bygd og by, og har blitt kalla både innovativt og sjarmerande.

Vidnes er utdanna litteraturvitar og arbeider i dag som grafikar, skribent og formgivar. Han er nettansvarlig for mikroforlaget Gasspedal, fast designar for tidsskriftet Vagant, og stod for både omslag, sats og illustrasjonar til Globaliseringsboka, som kom ut på Samlaget i 2009.

Vidnes er dessutan omsetjar og fekk i 2009 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Han bur i Berlin.