Edvard Hoem

Edvard Hoem debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. 

Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. Bøkene hans er selde til ni land. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend, og i 2013 vant han Språkprisen 2013. I 2014 gav Hoem ut sin første roman på ni år, Slåttekar i himmelen. Hoem vart langlista til P2-lyttaranes romanpris for denne boka.