Svein Sæter

Svein Sæter (f. 1960) er forfattar og frilansjournalist og kjem frå Stangvik på Nordmøre. Han har skrive ei rekke faglitterære bøker, mange av dei med historiske tema, men òg om så ulike emne som fotball, økologisk landbruk, sportsfiske og vårsøgforfattaren Hans Hyldbakk. I tillegg har Svein Sæter skrive tekster til musikk og redigert mange antologiar, både faglitterære og skjønnlitterære. 

Saman med faren, Einar Sæter har han skrive den grundige og kritikarroste historia om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen.