Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen er fødd i 1981. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Er opphavleg frå Fræna i Møre og Romsdal. Han har fått Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka «Køyre frå Fræna» (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske leserprisen i 2008, ga han ekstraprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, «Eg kjem tilbake» (2011) fekk han glitrande kritikkar. «Guds barn» (2014) er den tredje boka hans og hans litterære gjenombrot. Kritikkane er framifrå, og boka er solgt til Danmark og USA. For boka har han fått Nynorsk litteraturpris 2014 og var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris, og ho er seld for å bli gitt ut i USA og Danmark. Lars Petter Sveen har fått Mads Wiel Nygaards legat for sin forfattarskap, han er tildelt, som den første, Jan Roar Leikvolls minnepris 2015, er blant dei ti fremste unge norske forfatterne kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival og har fått Bokhandelens forfatterstipend.