Marit Eikemo

Marit-Eikemo kred A.Brun.jpg

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og er no dagleg leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar, den seinaste er Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og er festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018.