Edvard Hoem

Hoem_Edvard.jpg

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. I 2007 gav han ut den kritikerroste Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band: Villskapens årBjørnstjerne Bjørnson 1832–1875 (2009), Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889 (2010), Syng mig hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890–1899(2011) og Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013). I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 280.000.