Hilde Myklebust

Hilde-Myklebust-Foto-Tove-K-Breistein-970x1453.jpg

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt. I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta – ei varm, vakker og jordnær forteljing for barn, der vi møter Jon og hesten hans som skal få føl på sjølvaste julenatta. Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen. I år er ho aktuell med diktsamlinga Kvar ein fugl.