Back to All Events

Oversetterne kommer: Frankenstein

- Er eit 200 år gammalt monster noko å vere redd for?

Mary Shelley (1797–1851) var berre atten år då ho byrja å skrive Frankenstein. Denne debutromanen som kom ut i 1818 og feirar 200-årsjubileum i år, er rekna som opphavet til sjangeren science fiction, men er likevel langt frå sjangerlitteratur. Mary Shelley brukte det som på den tida var ein etablert sjanger, den gotiske romanen, men erstatta det magiske og overnaturlege med moderne vitskap. I motsetnad til dramatiseringane og filmane er boka ei fleirstemmig forteljing som eggar både medkjensla og tankane. Med dette verket gav Mary Shelley grobotn for ein heilt ny litteratur, men òg for nye måtar å sjå på vitskapen og mennesket si makt i høve til naturen. Historia om vitskapsmannen Frankenstein og monsteret han skapte, har hatt umåteleg sterk gjenklang i populærkulturen, og aktualiteten i historia har i ettertid berre auka, ettersom mennesket evnar å skape stadig meir.  

Korleis overføre denne romanen til norsk og introdusere han for lesarar som kanskje ikkje kjenner dette verket så godt som dei trur?  

Øystein Vidnes er utdanna litteraturvitar og arbeider nå som designar, forfattar, omsetjar og illustratør.   

Øystein Vidnes bilde.jpg
Earlier Event: September 7
Klassen med Marte Spurkland