Back to All Events

Vennskap, rivalisering og kollisjon - Om Bjørnson og Vinje med Edvard Hoem

Hoem_Edvard.jpg

Bjørnstjerne Bjørnson møtte Aasmund Olavsson Vinje på Heltbergs skole i Kristiania våren 1850, og frå første stund vart det vennskap mellom dei, men vennskapet var ikkje utan spenningar. Bjørnson sanka abonnentar til Vinjes "Dølen" da bladet tok til å koma ut i 1859, men samtidig gjekk dei kvar sin veg i viktige politiske og kulturelle spørsmål. Vinje var ingen tilhengar av allmenn stemmerett, og han brydde seg ikkje om å fornorske teatret, noko Bjørnson arbeidde for. Vinje ville halde på det danskspråklege teatret til ein kunne få eit reint norsk (nynorsk) teater. Djupast sett kolliderte dei når det gjaldt synet på korleis framtidsnorsken skulle sjå ut, om ein skulle gå Ivar Aasens eller Bjørnsons veg. Harde utfall og krenkingar kunne likevel ikkje gøyme at dei hadde sterk sympati for kvarandre. Bjørnson var med på å reise minnesmerket over Vinje på Gran da Vinje døde der i 1870. Spenninga mellom dei to viser kjernen i den norske målstriden, på deira tid og sidan.

Edvard Hoem vil fortelje om relasjonen mellom to av våre aller mest kjende diktarar i høve Vinjejubileet i 2018.