Back to All Events

Prosjekt Norges matfat

Gjennom eitt år valde familien Havåg, med mor Lene i spissen, å gjere eit privat eksperiment. Dei ville ete berre norskprodusert, og mest mogleg lokal mat. Vi produserer godt under 40 prosent av det vi et i Norge, og gjennom prosjektet sitt ville dei synleggjere at dei ønska ei endring. Kva ville det seie å gjere berekraftige matval med utgangspunkt i Sunnmøre? Kven produserer mat her, og kor langt må vi reise for å få tak i det vi treng?  

Lene og Øyvind har tre små ungar. Heile familien skulle ete seg mette på norsk og helst lokal mat kvar dag, heile året. Lene er kokk og meir enn middels oppteken av at maten er god og rett samansett. Lene og Øyvind si historie handlar om korleis råvarene kjem til kjøkenbenken. Blir det nok variasjon med lokale råvarer? Kva med matglede? Reisa for å utforske eit berekraftig kosthald blei og ei smaksreise, og ei reise i natur, kultur og tradisjon.  

Korleis gjekk det?  Det vil Øyvind Havåg fortelje om på Bjørnsonfestivalen 2018. 

På Plassen blir det smaksprøver på økologisk mat frå produsentar i Møre og Romsdal.  

Arrangementet er eit samarbeid mellom NORSØK på Tingvoll/ØKOUKA i Møre og Romsdal og Bjørnsonfestivalen.