Back to All Events

Fiksjonalisere for å forstå med Brit Bildøen

Attachment-1.jpeg

Brit Bildøen debuterte som forfattar for 27 år sidan, og har eit stort og breitt forfattarskap bak seg. Med dei siste romanane sine, Sju dagar i august og Adam Hiorts veg, har ho vist evne til å drøfte store samfunnsspørsmål i nære menneskeportrett, ein særeigen fortellarstil som har sikra ho mange lesarar. Men korleis arbeider ho, og kva er det som driv ho? I haust er ho aktuell med romanen Tre vegar til havet, og i dette foredraget fortel Bildøen om si eiga skriving.

Arrangementet er ein del av det reetablerte Møre og Romsdal Forfattarlags program på Bjørnsonfestivalen og er støtta av Fylkesbiblioteket, Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Later Event: September 7
Helt vilt med Staffan Widstrand