Back to All Events

Det er den draumen me ber på - Dikt og demens

Kva skjer om ein inviterer personar med demens til å skrive dikt? Ved Råkhaugen omsorgssenter har ein i løpet av det siste året utforska dette saman med Høgskolen i Molde. Gjennom fire poesigrupper har ein samtalt om dikt, om vennskap, om moldensarar og sveler, og om draumen før og no. Samtalane har blitt skrivne ut til dikt og kortprosatekstar som har blitt gitt tilbake til deltakarane. Tekstane syner at personar med demens kan ha eit skapande og poetisk språk som opner for ei nyansert forståing av demens. Dei syner også kva for ressursar som er til stades, trass i ein alvorleg sjukdom. Under denne programposten vil dikt av personar med demens bli lesne opp av skodespelarar.  

Gjennom ein samtale med tilsette ved Råkhaugen, Høgskolen i Molde, og forfattar og psykiater Arne Ruset, vil ein få eit innblikk i verdien av slike poesigrupper. Dikt og demens er eit viktig nybrottsarbeid som ønskjer å løfte fram ei gruppe som i liten grad blir høyrt i samfunnet i dag. Dette er eit bidrag som høyrer heime under Bjørnsonfestivalen som er kjend for sitt årelange engasjement for ytringsfridom og marginaliserte stemmer.