Back to All Events

FULLBOOKET: SKOLEPROGRAM: "Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen" med Ingunn Røyset


dagny.jpg

I denne produksjonen for 5. - 7.trinn skildrar Ingunn Røyset 2. verdskrigen for born gjennom auga til notidsjenta Dagny (10 år). 

Dagny vaknar ein morgon og er i gamle dagar. Det viser seg at januar 1945 er like spennande som det mormora har fortalt, men også veldig farleg. Bomber, marsjerande soldatar og russefangar som svelt blir ein del av kvardagen til Dagny når ho bokstaveleg tala må fylle mormora sine sko i ei tidsreise 70 år tilbake i tid. 

Forfattaren les og fortel frå bøkene «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen» (Samlaget, 2014) og «Aldri fred å få» (Samlaget, 2015).