Back to All Events

FULLBOOKET: SKOLEPROGRAM: "Brevet frå krigen" med Ingunn Røyset

Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sett i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen mi, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kvar krig var. Då forstod eg at alle kunne døy. Eg også. 

Jorun Emile Holm var 12 år den 9. april 1940, då tyske soldatar tok over landet. Frå heimen sin på Lindøya hadde ho utsikt til Oslo sentrum. Ho såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, var vitne til bombinga av Gestapohovudkvarterer Victoria Terrasse, og hadde skulevegen forbi fengselet «Nummer 19». Jorun fortel om dramatiske hendingar, uvisse og sorg, men også om kvardag og vennskap. 

Brevet frå krigen er ei bok om å vekse opp i krig. Ho skildrar dei fem okkupsjonsåra i Noreg gjennom forteljingane til i dag snart 90 år gamle Jorun Emilie Waage og gjennom faktarammer om 2. verdskrigen. 

Forfattar Ingunn Røyset (f. 1965) frå Flø debuterte i 2012 med «Prins Storm» og har til saman gitt ut fire barnebøker.

Produksjonen "Brevet frå krigen" er for 8. - 10.trinn.

Earlier Event: September 8
Fole god bok til frokost med Arne Ruset
Later Event: September 8
"Norske tenkemåter" med Terje Tvedt