Back to All Events

BOKLANSERING: "Tida er inne" med Knut Ødegård og Øystein Hauge

Knut Ødegård er i sitt femtiande år som poet meir vital og relevant enn nokon gong. Årets splitter nye diktsamling viser ein diktar med djerv biletskaping og som ikkje er redd for å gå rett inn på dagen politiske scene. Dikta spenner frå barndom til alderdom, frå Molde til mora som flyktar med sitt barn frå Syria slik Maria flykta med Jesus.

Språket hans ”bylgjer mellom det historiske og det mytiske”, skriv Adonis: “men alltid tett bunde til det kroppslege.” 72 år gamal er Knut Ødegård meir “på høgget” som poet enn nokon gong før. Det er ein vital og framfor alt modig poesi, gjennomsyra av dristig biletskaping og vilje til å opplyse dei mest mørklagde og tabubelagte rom i vår tids menneske- og samfunnssyn.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Cappelen Damm og Bjørnsonfestivalen, og Øystein Hauge vil lede samtalen med Knut Ødegård.

Earlier Event: September 6
Uløselig - Utstillingsåpning