Feil > kernel (1)
Du har ikke tilgang til dette området.
Mulige årsaker er:
I dagane 9.-11.mai samla ICORN over 100 delegatar og forfattarar til generalforsamling og workshop for forfattarane. Du finn mange fleire bilder frå samlinga på Bjørnsfestivalen si facebook-side. (Klikk på FACEBOOK-ikonet på denne sida).
ICORN er forkortinga for International Cities Of Refuge Network. I desse dagar har ICORN samling i Stockholm. Her møtast mellom anna fribyforfattar frå mange ulike byer i Europa. Dette er og ei samling for såkalla koordinatorar i dei aktuelle firbyforfattarbyane. Her blir det mellom anna drøfta korleis ein best skal legge til rette for at fribyforfattarane skal få eit godt møte med sin by.
Frå Molde møter kultursjef Jan Olav Szontheimer, fribyforfattar Ammar Tassaei og festivalleiar Rolf Magnus Orø. Vi vil kome tilbake med meir informasjon etter at samlinga er ferdig. Vi kan førebels kort melde om hyggelege og nyttige dagar, der både vennskap og nettverk blir bygd og styrka.
På bildet er den tredje av Moldes fribyforfattar Ammar Tassaei saman med ein forfattarkollega, Mansur Rajih, som bur i Stavanger.
For at Bjørnsonfestivalen både skal halde det høge nivået som har vore tidlegare år OG utvide tilbodet gjennom året, er vi heilt avhengige av eit korps med motiverte frivillige.
Onsdag 23.mai kl 18.00 inviterer vi til eit møte for gamle og nye frivillige på Teatret Vårt. Her vil vi snakke om kva vi kan vente oss av programinnslag på årets festival og kva det vil krevje av tilsette og frivillige. Vi skal også snakke ein del om kva idear/planar for resten av året som for eksempel tilbod til barn, til ungdom, samfunnsdebatter, bokprogram mm.
Med dette er DU invitert :-)